Austefjord bhg 2

Samarbeid og læring i lokalmiljøet – i Austefjord barnehage

I Austefjord barnehage får barna smake på både natur og tradisjoner – takket være gode samarbeid og et fokus på realistiske løsninger.

Denne artikkelen sto først på trykk i magasinet Verktøykassa fra Barnehageforum.

I en liten bygd i Volda kommune, omgitt av ulendt terreng og blåbærlyng, ligger Austefjord barnehage. Her tilbringer 23 barn en stor del av barndommen sin. I disse dager sanker ivrige barnehender bær på strå og i spann – noe forsvinner ned i de små magene underveis, og noe blir frosset ned til senere.

Barnehagen serverer to måltider om dagen, og personalet er opptatt av at måltidene skal handle om mer enn å bare fylle magen – det skal være en arena for læring, samhold og matglede. Anita Gaarder er leder i Austefjord barnehage, og hun forteller at de ofte bruker oppskriftene fra Matjungelen når de skal lage varmmat eller bake.

– I et samfunn der det er mange ulike meiningar, haldningar og ønskjer på kva som er eit godt kosthald for barn, er det krevjande å vite kva som er godt nok. Då er det godt å ha eit verktøy som er basert på retningslinjene barnehagane skal følgje. Å nytte Matjungelen gir dei tilsette tryggheit på at maten er god nok, då den er laga på bestilling frå Helsedirektoratet. Det er også enkle oppskrifter som er mogleg å lage i ein hektisk kvardag.

Austefjord

Smakfulle samarbeid

Barnehagens nærmeste nabo er en gård med grønnsaksåker og dyr. Der får barna høste grønnsaker om høsten, og gi lammene flaske om våren. Anita er opptatt av å skape gode samarbeid i nærmiljøet, og det har gitt barna mange fine opplevelser.

– Vi er heldige å ha eit engasjert lokalsamfunn rundt barnehagen, noko som har vore heilt avgjerande i arbeidet med kjøkkenhage, måltid og matkultur. Oddvar som har eige bakstehus inviterer oss til flatbrødbaking i lag med Bygdekvinnelaget ein gong i året. Då får vi laga noko vi kanskje ikkje hadde hatt kapasitet til i barnehagen. Samtidig vert vi kjend med lokal kultur og tradisjon. Vi prøvar å gi tilbake, og stillar til dømes med Lucia-tog og underhaldning på bygdestova når Bygdekvinnene arrangerer førmiddagskafé i desember, sier Anita.

Hun oppfordrer andre barnehager til å benytte seg av de positive ressursene som finnes i lokalområdet. 

– Om økonomien er stram er det ofte moglegheitar i lag og organisasjonar rundt barnehagen. Til dømes har barnehagen fått kraftig kjøkkenmaskin og steiketakke med Bygdekvinnelaget. Ofte kan slike organisasjonar søkje om midlar til å arbeide med kultur og tradisjon ilag med barn og unge, og kan ofte bistå med både utstyr og hjelp, til dømes på ein bakedag i barnehagen, sier hun.

Samarbeidene i lokalmiljøet kan også være av det mer uformelle og praktiske slaget.

– Når vi skal ha uteveke i fjøra, får vi låne lavvo av idrettslaget, som foreldra setter opp dagen før. Då får vi ein fin plass til å lage mat utandørs. Og om ein ikkje har frukttre i barnehagen er det garantert nokre naboar som har. Ofte er det ei lokal kjøp-og-sal-side på sosiale medier, der en kan leggje ut eit lite innlegg om at barnehagen ønskjer å plukke epler eller plommer om nokon har for mykje på trea. Er ein heldig, så er det i gåavstand til barnehagen, og då kan ein leggje turdagen dit. 

Austefjord barnehage

Kompost-kompetanse

Anita og resten av personalet bruker Matjungelen som en del av et større fokus på bærekraft. Barnehagen bruker naturens ressurser som utgangspunkt for lærerike og hyggelige aktiviteter gjennom hele året.

– Vi har nokre store ripsbusker, og har begynt å opparbeide oss større kjøkkenhage, der barna har fått lov til å vere med på å bestemme kva vi skal så. Vi har også prøvd oss på å nytte frø frå maten, blant anna ved å så paprikafrø frå paprikaen vi åt til lunsj. Noko vert meir vellukka enn anna, men det er berre fantasien som sett grenser. Vi nyttar òg andre ting frå naturen som vi ikkje har dyrka sjølve – om våren når løvetanna kjem prøvar vi oss på å bake gule løvetannkjeks.

De startet også sin første kompost for et års tid siden, som har bidratt til å gjøre barna mer bevisste på avfall og sortering.

– Vi nyttar Bokashi-kompost, med lufttette bøtter og pallekarmar. Dette er lågterskel kompost som er mogleg å halde på med ilag med barna. Det har vore viktig med nokre «ekspertar» blant dei tilsette som er drivarar – arbeidet hadde ikkje vore like vellukka om vi ikkje hadde hatt dei å spele på!

Anita understreker at det er viktig å spille på de kompetansene som er blant de ansatte for å få (mat-)hverdagen til å flyte best mulig.

– Nokre av dei tilsette har eigen kjøkkenhage og matkompost heime, og har tatt med seg kunnskapen til barnehagen. Nokre er gode på å lage mat på sparket, og andre er betre på å følgje oppskrifter. Vi utfordrar kvarandre og har aksept for at vi gjer ting ulikt. Blant anna har den eine avdelinga valt at kvar tilsett har kvar si veke der dei lagar varmmat. Då er det opp til kvar enkelt kva dei vil lage – om dei ønskjer å lage ein enkel rett eller velje ei meir avansert oppskrift. Vi tilpasser òg barnegruppa som er med å lage mat. For å få dette til er det viktig at ein er i flytsona og at det ikkje vert for komplisert, sier Anita.

Austefjord bhg 1

Realisme og råvarer

Nå som høysesongen for norske råvarer er her, får barna smake forskjellige grønnsaker – servert på forskjellig vis.

– Når vi lagar mat med grønsaker som vi har hausta sjølve eller har henta på nabogarden, så har vi fokus på den eine grønsaken, men då gjerne i ulike formar. Blant anna squash servert rå, steikt (dyppa i mel/egg først) eller i ein matmuffins. Då er det enklare å utforske smaken, samt at det er overkommeleg å lage utan at ein skal skrelle og kappe opp mange ulike sorter.

Som alle andre barnehager opplever Austefjord hektiske hverdager, hvor det er krevende å få tid til alt. En måte Anita og de andre prøver å løse dette på, er å avgrense fokusområdene sine.

– Barnehagen har dette barnehageåret valt å ha fokus på berekraft og matavfall. Mykje av det vi jobbar med vert knytt opp mot dette, og på denne måten avgrensar vi kor mange «prosjekt» vi held på med om gongen. Vi har fokus på det vi faktisk kan gjere noko med. Vi skulle gjerne hatt moderne kompostbøtter og behaldarar, og utbetra kjøkken slik at arbeidet med mat og berekraft hadde vore enklare – men det er det ikkje økonomi til. Men lufttette bøtter var enkelt og billig å få tak i. Og så lagar vi den maten vi kan med det kjøkkenutstyret vi har. Vi prøvar å lage planar som er mogleg å gjennomføre og som vi er motiverte til å få gjennomført.

Anita forteller videre at de er opptatt av å lage realistiske planer, som de ansatte har både mulighet og motivasjon for å gjennomføre.

– Men det er jo ikkje kvar dag eller veke at planane våre går igjennom. Dei viktigaste faktorane for å lukkast har vore å ha planar som er lågterskel, – å nytte motivasjonen som er i gruppa (både barn og tilsette), – at alle bidreg med det dei kan, – å invitere inn ressursar utanfrå, og å nytte verktøy som gjer at ein ikkje må «finne opp kruttet på nytt». Vi nyttar Matjungelen nesten kvar veke, og er veldig nøgde!